Anitta Suikkari
Anitta Suikkari | |||
Fødd | 1956 (68 år) | ||
---|---|---|---|
Verka som | skodespelar |
Anitta Suikkari (fødd i 1956) er ein norsk-finsk skodespelar og regissør.
Suikkari blei fødd i Karelen i Finland.[1]
Suikkari var ein av initiativtakarane til Sampo Teater saman med Mette Brantzeg. Teateret blei skipa i Oslo i 1983, og flytta til Tromsø i 1988.[2] og Suikkari fungerte som skodespelar og kunstnerisk rådgjevar. Etter at Brantzeg trekte seg som dagleg leiar i 1992 kom Makka Kleist inn i denne rolla. Kleist og Suikkari fortsette arbeidet med samarbeidsproduksjonar og soloprosjekt, med Brantzeg framleis verksam som regissør på fleire produksjonar.[2]
Suikkari har medverka på fleire scener, blant anna på Perleporten, Hålogaland Teater, Agder teater, Dramatikkens hus, Ice Globe Theater i Jukkasjärvi og Giron Sámi Teater.
Sidan 1990 har ho vore tilknytt Beaivváš Sámi Našunálateáhter som del av ensemblet.[1]
Ho har òg medverka i fleire filmar og TV-produksjonar, blant anna Havlandet (1985), Stol på Ministeren (1996), Bázo (2003) Macbeth (2004).
I 2004 blei ho nominert til Amandaprisen for beste kvinnelege hovudrolle i filmen Bázo .[3] I 2013 blei ho nominert til Heddaprisen i klassa beste kvinnelege birolle.[4]
Referansar
[endre | endre wikiteksten]- ↑ 1,0 1,1 «Anitta Suikkari», sceneweb.no (på norsk), henta 10. juli 2021
- ↑ 2,0 2,1 Leinslie, Elisabeth (9. februar 2021). «Sampo Teater». Store norske leksikon (på norsk bokmål).
- ↑ nrk.no: Amanda-nominasjonene klare, arkivert frå originalen 12. mai 2014, henta 10. juli 2021
- ↑ heddaprisen.no: De nominerte 2013, arkivert frå originalen 12. mai 2014, henta 10. juli 2021
- Denne artikkelen bygger på «Anitta Suikkari» frå Wikipedia på bokmål, den 10. juli 2021.